22 januar 2008

Vil PISA-teste studentane

På Høyden (22.1.2008):
"Berit Rokne Hanestad, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, ser med stor interesse på metoder for å måle kva studentane eigentleg lærer, og reknar med at denne diskusjonen vil verte meir og meir vanleg.

– Vi vil følge nøye med på utviklinga i denne saken. Saken er som kjent i ein startfase og vi har til no ikkje motteke nokon henvendelse frå vårt fagdepartement. Men vi er svært interesserte i metoder for å kunne måle læringsutbyttet i høgare utdanning og vi reknar med at temaet vil bli meir og meir vanleg etter at alle europeiske lærestadar har innført kravet om at det i alle studieprogram skal informerast om forventa læringsutbytte, seier ho."

I følge Ole-Jacob Skodvin er den førebelse tidsplanen for PISA for høgare utdanning ein generalprøve i 2009. Deretter skal den første hovudundersøkjinga gjennomførast i 2010-11.