Uniforum nett no:
UiO-professorane Morten Hjort-Jensen, Hans Petter Langtangen og Knut Mørken, har i fellesskap utvikla ein oppdatert modell for undervisninga i realfag.
"– Kvalitetsreforma har gitt oss høve til å koordinera undervisninga i realfag på tvers av faggrensene. Som leiar for eit av programråda på MN-fakultetet såg eg difor kor store fordelar den gav med tanke på å kunna sjå dei ulike faga i samanheng. Då er det lettare å visa studentane kor nyttig gode kunnskapar og innsikt i matematikk er for å forstå fag som informatikk, fysikk og astrofysikk, seier Hjort-Jensen.
– Målet er at undervisninga skal halda tritt med den teknologiske utviklinga, slik at studentane kan klara å løysa oppgåver både i forskinga, i næringslivet eller på andre arbeidsplassar. Dei vil få ei undervisning som dei vil ha nytte av i heile arbeidskarrieren, er dei overtydde om. ... Dekan Knut Fægri ved MN-fakultetet gir full støtte til det nye undervisningsopplegget.
– For fakultetet er Computers in Science Education (CSE) veldig viktig. Me ser dette som heilt naudsynt for at den undervisninga me gir, skal halda fylgje med dagens realitetar. Det er også eit strategisk prioritert tiltak for oss. Dette kombinerer ei av dei sterkaste sidene våre i forskinga, vitskapleg databehandling, med dei grunnleggjande disiplinære kursa, seier Fægri."