Aftenposten, 08.07.09, kronikk av Helga Hjetland, Bjarne Hodne og Anders Folkestad (kronikken er også publisert på utdanningsforbundet.no)
"Er det mangel på ein norsk kultur for kunnskap som gjer det politisk mogleg å utsetje eit nødvendig krafttak for kunnskap?
Ei massiv satsing på utdanning og forsking er ein absolutt føresetnad for å skape eit godt velferdssamfunn og ei berekraftig næringsutvikling.Fleire av vår tids store utfordringar, som miljø- og klimakrisa og finanskrisa, krev at det blir tatt nasjonale grep for å utvikle ny kunnskap og kompetanse. Dette vil kunne dempe negative krisekonsekvensar, og framtidsretta verkemiddel og løysingar kan utviklast. ...
Eit kunnskapssamfunn blir kjenneteikna mellom anna av at næringsutviklinga, velferden, forvaltinga av naturressursar og kulturutviklinga byggjer på forskingsbasert kunnskap. Eit kunnskapssamfunn blir skapt i samspelet mellom forpliktande politisk satsing og høgkompetente fagmiljø som skaper og formidlar ny innsikt og viten.
I kunnskapssamfunnet får den enkeltes kunnskap større verdi i arbeidslivet, rett og slett fordi kompetanse er ein stadig viktigare produksjonsfaktor. Enkeltmennesket er i større grad avhengig av å ha utdanning for å lukkast i arbeids- og samfunnslivet. Kvaliteten på det formelle utdannings-systemet spelar difor ei avgjerande rolle, både for enkeltmennesket og for samfunnet.
Tar våre politiske styresmakter dei nødvendige konsekvensane av ei slik utvikling? Dessverre har verken den økonomiske eller strategiske innsatsen vore tilstrekkeleg. Andelen til utdanning av dei samla offentlege utgiftene har gått ned med sju prosent i løpet av dei fire siste åra, i følgje tal frå SSB. ... Tal frå på OECD viser at fleire land, inkludert andre nordiske land, no ligg betre an når det gjeld utdanningsnivå. ... Tal frå Europabarometeret viser dessutan at Noreg er i botnsjiktet når det gjeld vaksnes deltaking i organisert utdanning og opplæring.
Norsk næringsliv har lågare forskingsinnsats enn næringslivet i grannelanda våre. Dessutan viser fleire undersøkingar at ressursmangel fører til at dei tilsette i universitets- og høgskulesektoren ikkje får tid nok til forskings- og utviklingsarbeid.
Difor må vi spørje korleis det er politisk mogeleg med eit slikt sprik mellom den gjengse politiske semja om at Noreg må vere ein kunnskapsnasjon, og den faktiske prioriteringa og verdsettinga av utdanning og forsking?
Fråveret av ein kunnskapskultur gir seg såleis utslag i manglande forståing for og prioriteringa av den verdien kunnskapskjeda representerer. Dette er særleg urovekkjande fordi mykje av grunnlaget for kreativitet og nyskaping, som vil vere sentrale drivarar i norsk økonomi og samfunnsutvikling, ligg i solid kunnskap. Utdanning, livslang læring og kunnskapsutvikling vil difor vere viktigare enn før. Eit krafttak for kunnskap vil kome heile samfunnet til gode."
Se også "Nå må vi ta et krafttak for kunnskap", Aftenposten 20.09.07, avisinnlegg av Roar Flåthen, Finn Bergersaen og Marianne Harg.