11 juni 2008

Samarbeidslæring – på tvers av profesjonsgrenser

Høgskolen i Oslo, HiO:
"Bakgrunnen for fokus på tverrprofesjonelt samarbeid innan helse- og sosialfagutdanningane kan førast attende til WHOs rapport om ”Learning together to work together” frå 1988, med professor Nils Areskog frå Linkøping som pådrivar. Det er venta at WHO i januar 2009 kjem med ein ny resolusjon om tverrprofesjonell utdanning og tverrprofesjonelt samarbeid.

FoU-nettverk
Ved HiO er det i dag eit FoU-nettverk med 12-14 deltakarar som alle arbeider med ulike prosjekt innan tverrprofesjonell utdanning for tverrprofesjonelt samarbeid. Dette nettverket står også bak etableringa av eit nasjonalt FoU-prosjekt om kartlegging av situasjonen i Norge i dag når det gjeld korleis helse- og sosialfagutdanningane førebur sine studentar til tverrprofesjonelt samarbeid, og med utprøving og evaluering av gode modellar for samarbeidslæring."