Universitas - Rapport for ypparleg undervisning:
"Det er openbart at undervisning og forsking heng saman, og at ei utdanning får høgare kvalitet di betre oppdatert det vitskapelege grunnlaget er. Samstundes viser det seg at det pedagogiske ansvaret får langt mindre merksemd enn forskingsoppdraget. I forkant av Stjernø-rapporten, var universitetsrektoren ute i Aftenposten og signaliserte behovet for «store, tunge forskningsuniversiteter» i Noreg. Han understreka gong på gong eit ønskje om å hevde seg på den internasjonale forskingsfronten, men hadde lite krutt å koma med på utdanningssida."