08 april 2008

Vil ha nasjonalt forum for utdanningsforsking

Norges forskningsråd:
Statsråd Solhjell:
"- Om utdanningssystemet vårt skal bli effektivt med omsyn til å produsere, dele og ta i bruk kunnskap, må praktikarane, forskarane og me som skal forme ut politikken ha ein felles arena og kunnskapsbase. ... Vi treng forskingsbaserte undersøkingar som kan fortelje oss kva som verkar slik som det var tenkt - slik at vi ikkje handlar i blinde. Norge manglar empirisk forsking på ei rekkje område og vi har til dømes svært lite samfunnsvitenskapeleg effektforsking. Dette kan vi ikkje slå oss til ro med. ... - Ei av dei store utfordringane er å få resultata frå forskningen gjort kjend der dei til slutt skal ha ein verknad, meinte Solhjell og varsla ei styrking av arbeidet med å samanstille resultata frå utdanningsforskinga og formidle desse. - Det hjelper jo lite om det berre er forskarane, departementet og Utdanningsdirektoratet som kjenner til kva som kjem ut av utdanningsforskningen."

"- KUL-programmet har styrka kunnskapsgrunnlaget for skulepolitikken. Forskningen skal gi næring til politikken, men har sjeldan heilt klare svare og skal aldri diktere politikkutforminga. Det me kan gjere er å målrette forskningen mot dei problemstillingane som det er påtrengande å få betre kunnskap om, sa Hallén [Adm. direktør i Forskningsrådet]."